onsdag, oktober 14, 2009

Korleis bli ein hedning

Skeptikeren presenterer herved nok en frafallshistorie fra forhenværende troende. Dagens gjesteskribent er Skryme.

Sidan før eg blei konfirmert hadde eg tvilt sterkt på kristendomen. Eg kom frå ein normal kristen familie, men utan foreldre som pressa meg til å verken gå i kyrkja eller på søndagsskulen. Eg var aldri nokon ivrig deltakar på søndagsskulen, synest liksom ikkje det var min greie. Men eg ba til gud ved fleire høve. Noko av det eg ba gud om, var at han måtte hjelpe meg med å bli kvitt rykningane mine. Eg lid nemleg av Tourettes Syndrom (TS), og dei mest synlege symptoma er ufrivillige rykningar. Der er også mange andre mindre synlege symptom som eg ikkje skal kome inn på her. Rykningane, eller tics, som det blir kalla, oppstod kring 7-årsalderen. Den gongen visste eg sjølvsagt ikkje om at det var noko som heitte Tourettes syndrom, og eg lurte på av og til om eg rett og slett var rar. Ticsene var svært plagsomme, eg kunne vere totalt utslitt om kvelden når eg la meg, og gråt meg ofte i søvn. Dette ba eg til gud om at han måtte hjelpe meg med. Sjølvsagt gjorde han ikkje det. Ikkje så mykje som eit lite teikn kom han med. Eg byrja difor å tvile på at bøner kunne hjelpe for noko som helst. Men eg hadde jo aldri høyrt om nokon som ikkje trudde på gud, så eg beheldt barnetrua lenge enno. Det kunne nok vere at eg møtte folk som kritiserte dei kristne, men eg tok dei kristne i forsvar.

Rundt 18-årsalderen byrja eg i ten sing-kor. Dvs. eg sang ikkje, men var med som sjauar, sette på plass og rydda vekk utstyr. Dessutan var der jo mange flotte jenter med. Men det var heilt nyttelaust for meg å bli kjent med dei. Eg hadde store komplekser pga ticsene. Etter sangøvingane var der mange som ville fortelje om sine opplevingar, om at dei hadde sett lyset. For å seie det rett ut: dette gjorde lite inntrykk på meg. Eg sat der med eit inntrykk at dette berre fortalte dei for å gjere seg sjølv viktige. Dei følte sikkert ein slags glede eller suggesjon ved å vere med i koret og kristne debattar, men dette lyset kunne eg ikkje forstå. Eg hadde jo bedd til gud utan å oppleve noko.

Så kom eg i militæret. Var nokså skeptisk. Lurte på om befalet ville mobbe meg når eg stod på geledd og ticsa og skar grimaser når eg burde ha stått i ro. Men utruleg nok var der ingen som nevnte det, bortsett frå ein medrekrutt som nok hadde diverse former for komplekser sjølv. Eg stortrivdes i militæret. Må få nevne at eg tenestegjorde i Flyvåpenet. Det ville sikkert vore anleis om eg hadde vore i Hæren. Har høyrt diverse om enkelte drittsekkar som gjer livet surt for mange der.

Mars 1979 verva eg meg til UNIFIL, FN-styrkane i Libanon. Var vel eigentleg nokså skeptisk, men det viste seg å vere heilt topp. Ja, ikkje alt var topp. Vi hadde knapt vore der i tre veker før det braka laust. Vi sat i dekning i tre dagar etter å ha blitt beskutt grundig av den kristne militsen, godt hjulpe av israelske soldatar. Det var aldri snakk om å ta igjen. Eg jobba ved det norske feltsjukehuset, og var i ikkje-stridande avdeling. Våpenet eg hadde var ein Luger pistol. Kva skulle eg med den når vi blei beskutt med artilleri. Eg kan godt seie at eg var redd, men i løpet av dei tre dagane tenkte eg ikkje eit sekund på å be ein bøn. Eg ofra ikkje gud ein tanke. Eigentleg litt rart, for eg trudde framleis på ein eller annan gud. Etter at det heile var over, kom feltpresten på besøk. Sikkert kjekt for mange, men eg trengte ikkje å snakke med han. Han sa eitt eller anna om at vi skulle takke gud for at det gjekk bra. Dette reagerte eg på. Kvifor skulle gud ha noko meir omsyn for oss enn for mange andre som både svalt og hadde det heilt for jævleg. Eg hadde jo så vidt sett korleis enkelte i Libanon hadde det, men ikkje så mykje, for vi hadde nokså begrensa friheit til å bevege oss i området.

Etter at eg hadde vore der i seks månader, fornya eg kontrakten, men dei fleste reiste heim, og blei erstatta med nytt mannskap. Der kom to nye på rommet mitt, bl.a. ein bergensar. Ein gong kom vi inn på temaet bibel og kristendom. Denne bergensaren fnøs av bibelen og kristendomen. Bibelen var for det meste eventyr sa han. Eg blei overrraska og litt forbanna. Kristendomen hadde eg jo etter kvart fått litt avstand til, men bibelen var då historisk korrekt. Eg krangla med han og meinte ein ikkje kunne berre avvise det som stod i bibelen, det var jo historie. Nei, det var det ikkje. Mesteparten der var berre oppspinn, sa han. Det viste seg at denne bergensaren var med i Det Norske Hedningesamfunn. Dette fann eg rart. Eg hadde høyrt om desse hedningane, men berre frå utanforstående, som påstod mykje rart om dei. Vel, vi vart gode kompisar etterkvart, og han fortalte kvifor han var blitt hedning. Dette skal eg fortelje nokså kort om: Han hadde vore med i kristne miljø. Det blei tilogmed påstått at han hadde helbredande evner. Han blei som ung gut tatt fram på møte, og folk trudde dei ville bli helbreda dersom dei fekk berøre han. Alt dette berodde på ei misforståing og misbruk av ei oppleving han hadde hatt då han var yngre. Men du veit, dei kristne let ikkje sjansen til å vise mirakel gå frå seg. Dette gjorde at han fekk avsmak frå heile greia, og byrja og sjå om der ikkje var alternative måtar å leve på. Han kom i kontakt med Humanetisk Forbund og seinare Det Norske Hedningesamfunn. Denne historia gjorde eit mektig inntrykk på meg, men eg tenkte ikkje vidare seriøst over å endre livssyn.

Så kom den dagen då eg skulle reise heim. Eg søkte om endå ein kontrakt, men måtte reise. Vi landa på Gardermoen 27. mars 1980. I det eg sette foten på norsk grunn att, spurte eg meg sjølv om eg skulle takke gud for at alt hadde gått bra. Men då fekk eg ei aha-oppleving, eg såg lyset kan ein seie. ”Nei, faen heller om der er nokon gud som passar på oss- Kvifor skulle han bry seg meir med meg enn med andre som har det mykje verre, og aldri får oppleve eit lyspunkt i livet sitt? Eg hadde fått sett litt i Libanon korleis folk hadde det. Der var sikkert mange som bad til gud kvar dag, utan å få noko teikn på at han brydde seg om dei. Sat der ein gud og vurderte om dei bad sterkt nok? Kven skal eg hjelpe i dag? Der sit ei kone og ber for mat til familien sin, fleire familemedlemmar har ho gjerne mista. Ber ho nok? Nei, det får vere, ho må nok be kraftigare.” Då mista eg gudstrua, eg blei ateist, og seinare kalla eg meg hedning. I byrjinga var eg å rekne som ein passiv hedning. Men seinare byrja eg å lese masse om Midt-Austen, både om jødane og palestinarane. Slik kom eg og i kontakt med ateistisk litteratur. Og di meir eg las, di meir overbevist blei eg. På grunn av latskap meldte eg meg ikkje ut av statskyrkja før 1987, men var glad då eg hadde gjort det.

I september 1981 reiste eg til Libanon for andre gong, blei der i fjorten månader, og trivdest endå meir enn eg gjorde første gongen. Vi opplevde endå verre angrep enn eg hadde vore utsett for i 1979. Men aldri tenkte eg på å be noko bøn, det var absolutt aldri vurdert. Eg opplevde den israelske invasjonen i Libanon i juni 1982, der dei var delvis med på massakrar av tusen menneske, og dreiv fleire tusen på flukt. Mange av desse hadde levd på flukt heile sitt liv. No kom guds folk, som sjølv har måtte lide så mykje, og plaga dei endå meir. Nei, den allmektige, kjærlege gud fins nok berre i fantasien. Viss det var noko tak i han, så måtte han vere i stand til å straffe meg for det eg skriv. Kanskje eg blir lamma av dysleksi her og no. Bibelen er jo full av historiar om korleis han bryt inn og straffar menneske. Men jesus kom visst og gjorde alt så mykje betre, seier dei.

Bortsett frå at eg mista det vesle eg hadde av gudstru under mine periodar som FN-soldat, kom der andre nyttige erfaringar ut av det og. Eg fekk bl.a. oppleve korleis det er å bli utsett for rasisme. For rasisme fins i alle leirar. Jødane, som har måtta gjennomgå så mykje lidingar, er ikkje noko betre enn andre. Forutan at dei trakasserar arabarane som er busett i Israel eller på Vestbreidda, og libanesarane som budde i israelsk-okuppert område, verka det for meg som om at eg kunne lurast og svindlast berre fordi eg var utanfrå, eg var ikkje ein av dei. Dei er vel ikkje verre eller betre enn andre folk i så måte. Då eg i 1995 reiste til Makedonia, opplevde eg ofte å bli nekta å kome inn på utestader. Ein gong eg var saman med nokre vener på eit slags diskotek (brukar elles aldri å gå på noko slikt), vart vi kontakta av vaktane, og bedne om å forlate plassen. Der var ”element” blant gjestane som hadde snakka om å ta oss. At mange nordmenn og andre europearar hadde øydelagt inntrykket av oss før vi kom der, forklarar ein del. Det er jo det som er problemet, at nokre få øydelegg for dei mange. Og eg må få seie at ein del unge jyplingar oppførte seg svært dumt. Sjå berre på korleis ein del skandinavar oppfører seg når dei kjem til sydlegare land.

Men dette blei no eit sidesprang. Eg kom litt inn på Midt-Austen-konflikten. Eg håpar eg ikkje framstår som partisk i konflikten. Kan godt seie at eg ikkje var lei meg då Yassir Arafat døydde, men eg vil heller ikkje sørge om Ariel Sharon døyr (dette blei altså skrive før han blei sjuk). Desse to representerer/representerete ikkje folket sitt på nokon god måte, og har ansvaret for fleire tusen menneskeliv og mykje lidingar på begge sider.

Då eg rekna meg som kristen, las eg aldri i bibelen. Eg kunne jo det meste trudde eg, hadde lært på skulen. Men så seint som i 1995 kjøpte eg ein bibel, og viss mogeleg, eg blei endå meir overbevist hedning. Det er interessant å lese diverse kristne sine opplevingar og innspill, men det rokkar ikkje eit sekund ved mi overbevisning. Etter at eg tok til å delta på Starts religionsdebattforum, har eg aldri så mykje som eit sekund tvilt på at gud er menneskeskapt. Der har vore mange svært kunnskapsrike kristne, frå nokså mange ulike trusretningar, som har forsøkt å overbevise meg om det motsette. Ingen av dei har nokon gong greidd å overbevise meg. Eg må opplyse om at eg er medlem av foreninga ”Skepsis”, og veit såleis at internett er eit egna reiskap til å villeie folk. Eg har difor lært meg til å tenke meg om minst to gonger før eg godtek noko som ”sanning”.

Mine brør og foreldre spør meg gjerne kloke spørsmål om mine valg når det gjeld religion eller mangelen på det. Bortsett frå at temaet nok ikkje opptar dei så mykje som det gjer med meg, så har eg nok gitt dei ein ny innfallsvinkel til både kristendom og andre religionar. Men dei har ikkje tatt steget og kvitta seg med gamle kristne tradisjonar. Ungane blir både døpte og konfirmerte. Det er lettare med meg og min familie. Kona mi er buddhist, og ho ser ut til å vere glad til at eg ikkje ønskjer å døype ungane våre. Viss dei derimot sjølv ønskjer å konfirmere seg, så skal eg ikkje nekte dei. Men dei skal få bøkene ”Guds Lille Brune” og ”Luthers Lille Brune” i konfirmasjonspresang.

Skryme, 18. mars 2006

Takk til Skryme for tillatelse til å bruke denne teksten.

Hume's Razor

Jeg er fremdeles interessert i bidrag fra tidligere troende som kunne tenke seg å dele historien om sitt frafall. For oss som skulle ønske at alle religiøse ville følge deres eksempel, kan ingenting være viktigere enn å forstå hva som kan få illusjonen til å briste for noen. Hvis du har en historie å dele, hører jeg gjerne fra deg på adressen: bjarte.foshaug@gmail.com. Du vil selvsagt bli kredittert under det navn du selv måtte ønske. Jeg kan også garantere full anonymitet til alle som ønsker det.

0 Comments: