torsdag, juni 04, 2009

How can we hang on to a dream?

En ting jeg aldri går lei av, er å høre tidligere troende fortelle om sitt eget frafall fra troen. For oss som skulle ønske alle religiøse ville følge deres eksempel, kan ingenting være viktigere enn å forstå hva som får illusjonen om Gud til til å briste for noen. Da jeg var aktiv på Starts religionsforum 1, oppfordret jeg derfor de meddebattantene som hadde forlatt religionen om å levere bidrag til hjemmesiden min (nedlagt) og tre av deltakerne var sjenerøse nok til å dele sine historier. Etter å ha mottatt fornyet fullmakt gjengir jeg den første (av forhåpentligvis alle tre) her.
1 Under navnet Sam.


Jeg er for øvrig fremdeles interessert i bidrag fra andre eks-religiøse. Hvis du har en historie å dele, så hører jeg gjerne fra deg på
bigsam@start.no. Du vil selvsagt bli kredittert under det navn du selv måtte ønske. Jeg kan også garantere full anonymitet for dem som av ulike grunner ikke ønsker å stå frem med navn.

Og med dette overlater jeg ordet til første gjesteskribent:

How can we hang on to a dream?


Av Micawber

Etter mitt syn er dette det vesentlege kristne dilemma; korleis skal ein kunne halde på dette som – beviseleg – er lite anna enn ein draum?! Eg las eingong noko om ein eller annan filosof, som eingong sa noko sånt som dette:
Eg kan kan forstå dei som ser utover jorda, og avviser gud. men eg kan ikkje forstå dei som ser upp mot stjernehimmelen og avviser gud!
Personleg har eg det omvendt; eg ser på stjernehimmelen, ei kald, klar natt, og tenkjer litt på dei ufattelege dimensjonane "utover". Og det er for meg eit tydeleg prov på at det ikkje finns nokon gud, i den gjengse menneskelege definisjonen på dette ordet.

Eg vaks opp i ein etter måten kristen heim. Særleg bestemor mi var relativt konservativ bibeltru i si oppfatning av dette. Og ho gjorde mykje for å "få meg på den rette veg", for å seie det slik. Hennar store problem var vel at mor mi var eit "produkt" av bortimot valdtekt i fylla, –noko ho aldri kom over. Det var liksom hennar store skam, for å seie det slik. At gjerningsmannen slapp unna er det vel ingen som undrar seg over. Det var slik, på begynnelsen av forrige århundre, men ingen kan heilt forklare kvifor det var slik.

Av velmeinande foreldre ble eg så – i praksis – tvinga til å vere med i kyrkja og på bedehuset. Hadde ikkje så mykje forutsetning til å skjøne så mykje av det som gjekk føre seg, hverken her eller der, for å seie det slik. Det kan vel i ettertid diskuterast i kva grad foreldra mine var kristne, og i kva grad dei trudde på dette som blei servert frå preikestol og talerstol. Dei var oppdregne i denne trua, og det ser ut for at dei ikkje hadde den naudsynte styrke som skulle til for å vere i stand til å tenkje sjølv. Det skulle nemlig ganske mykje styrke til, den gongen!

Bedehuset på den tida var faktisk mykje meir ein kulturinstitusjon – særleg på bygdene– der eg kjem ifrå. Til dømes var bedehusbasarar eit sosialt fenomen som samla storparten av det som kunne krype og gå i bygda. Det folk ikkje såg ut til å tenkje over var at dette var reinhekla propaganda for ei utgamal ovetru. Ei overtru som blei tredd nedover hovudet på folk her i landet for bortimot 1000 år sidan. Kva folk meinte var aldeles uintressant, –slik hadde den "hellige fader" i vatikanet i Roma bestemt at det skulle vere. Og sidan den gongen har det visst ikkje vore mulig å bli kvitt dette svineriet, ettersom så mange ser seg tente med dette. Prestane er pr. i dag statstilsette embedsmenn, og tener gode penger på å halde fram med løgnene sine.

Nåvel. Eg hadde den gongen eindel slekt på farssida, som – bortimot – låg langflate etter denne overtrua, –bokstaveleg talt. Det skulle særdeles lite til før det kom truslar om at "eg kom ikkje i himmelen" og "nå gråter Jesus", og liknande tullprat. Det var tydelegvis ein slags kiving mellom foreldra mine, og "den andre delen av familien", som blei "leda" av ei gamal tante. For øvrig eldste søster til far min. Problemet var at foreldra mine hadde teke vare på bestefar min, og seinare bestemor mi, då dei hadde behov for dette, på sine gamle dager. Bestefar min døydde i 1946 og bestemor mi døydde i 1954. Arveoppgjera etter desse to, først det eine og så det andre, grunnfesta spliden i mellom desse to greinene av familien, og det blei aldri bra igjen. Poenget mitt er, tanta mi, og den sida av familien sat ALLTID fremst i kyrkja og bedehuset, Dei var mellom dei første som kom, og dei var så godt som alltid dei siste som gjekk. Dette var mitt første inntrykk av religion og kristendom.

Utover på sektsi talet blei det stadig meir klart at eg gjekk ikkje så godt saman med dei andre. Den gongen var det ingen som brydde seg, men i dag blir det kalla mobbing. Kor mange gonger eg kom heim frå skulen med sundrevne klede og andre skavanker veit eg ikkje, men det blei etterkvart nokre gonger. Eit år måtte eg ha ny skuleveske tre gonger, etterkvart som dei blei øydelagde.... Heile denne tida ba eg til gud, slik denne figuren blei presentert av presten i kyrkja og forstandaren på bedehuset. Men gud svara meg ikkje, og ikkje blei situasjonen noko bedre hverken på skulen eller andre stader. Så eg heldt meg meir og meir for meg sjølv, logisk nok. Det var i denne perioden at eg oppdaga bøker og den verden som finns der. Eg las og las og las... Det gjorde antakeleg sitt til at eg hadde greie på, og kunne kome med svar og utsegner, som sjølv læraren hadde problemer med. Særleg engelsk og historie var mine spesialiteter. Eg var såpass heldig at eg hadde slekt i USA, og dei sende dei bøker dei trudde eg ville ha, då far min forklarte dette for ein slektning som var heime, i 1963. Eg gjorde jamt furore med å skrive særoppgåver om sære tema, mellom anna, kvifor det er mørkt om natta, og liknande dagligdagse fenomen. Heile denne tida ba eg til gud, og prøvde å få han til "å ordne opp" slik at eg slapp desse endelause plageåndene...

Men gud sov visst, iallefall svara han meg ikkje på nokon måte, og ingeting blei bedre. Dette skrangla og gjekk sin skeive gang. Etterkvart tok eg til å sjå på dette med gud, gudstru, religion og kristnedom med litt meir kritiske augo. Eg tok til å kome med kritiske spørsmål både her og der, –mellom anna blei presten så dritsur over mine spørsmål at det var visst med eit nødskrik eg fekk lov å stille til konfirmasjon. Etter dette gjekk det frå gale til verre. Utover på '70 –talet hadde eg ganske regelmessige konfrontasjoner med forstanderen på bedehuset, med presten, og liknande "notabiliteter".

Det heile toppa seg ei haustnatt i 1972, trur eg det var. Etter eit møte på bedehuset blei vi samla hjå klokkaren, og blei sitjande utover kvelden og natta og diskutere. Eg forfekta min rett til å stille kritiske spørsmål om alt og alle, spesielt fordi det ikkje såg ut til å vere nokon som var i stand til å gi meg skikkelege svar. Mellom anna var det ein prestestudent, som fann ut at han skulle ta meg "i lekse" og gjenopprette mi tru. Og etterkvart kom også forstanderen for bedehuset innom, og det var han som sa "det forløsende ord"! Nemlig at "Anten er du med oss, eller så er du mot oss!" "Meiner du det?" Spurde eg. "Ja" sa han, "der finns ingen alternativ eller nokon mellomting!" "Greitt å vite!" sa eg, og røyste meg og gjekk. Prestestudenten prøvde å megle, og halde meg igjen, men eg sa at sidan porten var så lav, og døra var så trong, er det ikkje plass til meg i dette lag. Dermed gjekk eg, og har aldri sett meg tilbake. Etter det eg høyrt i ettertid, blei det visstnok ei viss furore, etter at eg gjekk. Og etter det far min seinare kunne fortelje, blei han kontakta ved eit par høve, i eit forsøk på å få meg tilbake på "den smale sti". Men dei hadde ikkje så mykje ryggrad at dei torde å kome direkte til meg...

Nokre år gjekk, og eg blei etterkvart likegyldig til problemstillinga, for å seie det slik. Men så, i 1978 gjorde eg FN teneste i Libanon. Ei heksegryte god nok, i seg sjølv. Eg var sjåfør, og fekk reist litt rundt og sett meg om både i teneste og på permisjon. Bla.a. kom eg omsider innom Yad Vashem, i Jerusalem. For dei som ikkje veit kva dette er, så er det altså musèet over Holocaust. På mange måter kan eg vel antakeleg seie det slik; det var der det gjekk opp for meg at det kunne ikkje eksistere nokon gud som kunne tillate noko sånt som dette! Ein alldeles ufatteleg råskap og overgrep så horrible at det er så godt som umulig å skjøne noko av det.

Etter eg kom heimat begynte eg å lese meir om dette, og det glei –logisk nok- over i kyrkjehistorie og det som gjekk føre seg under den s.k. "Pavelege inkvisisjon". Etterkvart gjekk det opp for meg dette med at før i verden var det farleg å kritisere kyrkja og/eller religionen! Det blei kalla blasfemi og var – som regel – ganske hardt straffa. Ingen veit i dag kor mange som blei øydelagde av tortur og lange fengselsopphald. Ingen veit kor mange som blei henretta, som oftast på ganske grusomme måter. Ymse anslag går på at kanskje så mange som 2 millionar blei henretta, andre anslag går på betydeleg mindre tal, kanskje ned mot 200000. Eg veit ikkje kva det rette talet er. Men det eg veit er, desse møtte som regel døden etter lang og brutal tortur, –kanskje såg dei døden som ein befrielse? Dessutan, heksebåla florerte i den s.k. kristne verden. Tala varierer ganske sterkt, her òg. Men eg meiner å ha høyrt at ein nå blir operert med tal på omlag 50000 som blei brende levande. Antakeleg ein særleg grusom måte å døy på, vil eg tru. Skulle nok ikkje så mykje til før ein kom i søkjelyset til den "hellige inkvisisjon", den gongen. Og kom ein først dit, låg ein heller dårleg an....

Eg var eingong i eit fengselsmuseum i Den Haag i Holland. Det blir kalla "Gevangenis poort" –med ein lite forbehold om rettskrivinga. Minna dimmest etter 15 -20 år... Der blei dei dømde altså henretta ved s.k. radbrekking. Dvs, den dømde blei surra fast på ein slags benk. Etter ein prest (!) hadde lese frå skrifta, og godkjent at det var slik det skulle vere, blei henrettelsen sett i gang. Den gjekk ut på at ein ganske vaksen klubbe av tre blei brukt til å knuse beina i kroppen til den dømde. Alle beina! Svimte den dømde av, stoppa dei og skvetta vatn på han til han vakna igjen. Så kunne ein halde fram. Kor lenge dette kunne ta varierte sjølvsagt ein heil del. Det var opplyst om at enkelte fangar kunne halde ut i ganske mange timar. Det siste slaget var gitt med noko som likna ein stor, firkanta klauhammar, rett i brystkassa, der hjertet var. Dette drap då den dømde. Poenget mitt er, under heile denne seansen sat presten på sin opphøgde stol, og overvar henrettelsen. Vekker visse assosiasjoner, syns eg!

I 1931 heldt Arnulf Øverland sitt foredrag "Kristendommen, den tiende landeplage" i Universitetets Aula i Oslo. Han gjekk etter måten kvasst ut mot kristendommen generelt og prestane spesielt. Sjølvsagt blei han anmeldt for blasfemi, etter paragraf 142. Men han blei frikjendt etter å ha ført si eiga rettssak. Det fall antakeleg den meir konservative delen av kyrkja noko Tungt for brystet, vil eg tru. Så, 25. januar 1953, kom Ole Hallesby med sitt berykta radioforedrag, der han påsto:
Jeg taler sikkert til mange i kveld som vet at de er uomvendt. Du vet at om du stupte død ned på gulvet i dette øyeblikk, så stupte du like i helvete.
Sjølvsagt blei det eit bra oppstyr igjen. Den såkalla "helvetesdebatten" varde ganske lenge utover på femtitalet, i ymse fora.

For dei av oss som lever i dag, og bevisst har teke avstand frå denne overtrua, virker slike "fenomen" noko uforståeleg, –endåtil latterlige. Det er ikkje godt å forstå ei slik nasegrus tilbeding av noko ein ikkje skjønar, eller trur det minste på. Men at slike tankar lever sjølv i dag, er ikkje så vanskeleg å finne. Berre sjå innom næraste bedehus som snarast, der den s.k. "indremisjonen" regjerer, så får du nok høyre både dette, og meir til!. Denne sekta har antakeleg skremt sine tilhøyrarar til langt bortimot absolutt lydnad. Ved fleire høve har det syns seg; det dei likar minst er å få det offentlige søkjelys på seg. Noko dei forsåvidt har til felles med andre dogmatiske sekter, med meir eller mindre fantasifulle og kreative namn. Imidlertid, det kjem tidvis fram i ymse media at det står ikkje bedre til hjå desse, enn hjå folk flest. Overgrep, maktmisbruk og eit antikvarisk kvinnesyn er det som ser ut til å gå igjen, hjå mesteparten av desse sektene. Men absolutt ingen av dei har det ringaste form for bevis som kan understøtte det dei driv med! Dei har berre ei – langt bortimot – endelaus rekke av dogmer, som ikkje kan bevisast , eller motbevisast, for den saks skuld. Dei bruker bibelen som ein absolutt autoritet, –noko vi med eit meir sekulært forhold til denne skremselspropagandaen ser på som ganske latterlig. Det virker som om det som driv desse menneska, er ein ganske forståeleg dødsangst, og ei relativt sett formidabel sjølvgodheit. Men at det skal gi slike utslag som det – til tider – gir, er ganske ubegripelig.

Det kristne trua – pr. definisjon – kviler på to postulat, som –i seg sjølv – går på tvers av naturlovene: Det eine er at jesus blei unnfanga i sin mors liv, utan menneskelig far, og dels ved at Jesus sto opp av grava, tre dager etter sin død. For å seie det slik; kor mange jenter har blitt utstøytte opp igjennom historien av eit hevngjerring presteskap, fordi dei har tillete seg den grenselause frekkheit å bli gravide, utan kyrkja sin velsignelse: Altså, utanfor den "hellige ektestand"? Eg huskar sjølv frå mine unge år ei jente som skulle ha barn, og det endå til før ho var konfirmert! Hadde ikkje mange gode ord å seie han som var prest, den gongen! For ikkje å snakke om folk flest! Det var heilt ubegripeleg kor dei gassa seg i dette, og formelig kosa seg med å sladre om denne jenta! Det var ikkje grenser for sjølvgodheit og arroganse! Dei absolutt verste var nok dei med tilhøyrigheit på bedehuset, såvidt eg minnest. Men jenta og barnefaren har halde saman til denne tid, stikk motsett alt som ble sagt, trudd meint og påstått av ymse s.k. "forståsegpåarar"! I så måte må det antakeleg vere noko tungt for dei som er med i desse sektene, at den norske kronprinsessa, Mette Marit, er ugift mor. Var nok ikkje alle som kunne svelge den kamelen like lett, vil eg tru!?

Men altså, det andre vesentlige poeng for kristendommen er det s.k. påskebodskapet. Jesus blei dømd til døden og spikra på eit kors, og døde der. Han blei så gravlagd i ei grav som blei stillt til disposisjon av ein eller annan. Men så – mirakler – på den tredje dag står han opp frå dei døde! Og då er vi ved eit av det vesntlige poeng: Om noko er dødt, kan det då vekkjast til liv? Om det kan vekkjast til liv, har det då vore dødt? Ingen s.k. kristne eg har snakka med eller prøvd å diskutere dette med, har vore i stand til å gi eit akseptabelt svar. Dei har prøvd –tildels febrilsk- å snakke det vekk, eller dei har endåtil spela fornerma og blitt aggresive. Men noko svar har dei ikkje vore i stand til å gi.

Kristenfolket bruker bibelen som ein absolutt refereranse, til det meste ser det ut for. Men ingen veit så nemneverdig om kven som skreiv kva, når dei gjorde det, og kvar dei gjorde det. Det er heller ikkje nokon som veit så mykje om kor mange gonger bibelen har blitt revidert, "justert", eller omskreven, for ikkje å snakke om kva som denne boka opprinneleg besto av. I det sekstande århundre hadde vi ein engelskmann som heitte William Tyndale den grenselause frekkheit å oversetje bibelen til engelsk. Det var ikkje bra, må vite! Det utfordra jobbsikkerheita til det katolske presteskapet! Om folk hadde ein bibel dei forsto, tenk om dei då kunne forme sine eigne, uavhengige religiøse syn! Dei kunne til og med få si eiga private linje til denne guden! Sjølvsagt blei dette ei utfordring mot den romersk katolske kyrkja. Då han prøvde å gi ut denne bibelen – på engelsk – blei han jaga og hundsa over det meste av Europa. Han blei etterkvart fanga, garrotert og – for godt mål – brendt. Den engelskspråklige bibelen hans blei jakta på, nærast frå hus til hus: Altså; kristne forsvarte kristendommen mot andre kristne ved å forhindre dei kristne å lese kristus sine ord. Er det fleire enn eg som ser ein viss ironi her? Eit lite poeng er det, denne engelske bibelen, som blei oversett frå latin av denne Tyndale, blei seinare basis for den s.k. "King James'" bibeloversettelse, nokre år seinare.

Dette og liknande fenomen blei – sjølvsagt – godkjendt av den katolske kyrkja, og dei ymse pavane, som har sete på den "hellige" stol. Den verste av dei var antakeleg Innocent den 8., på slutten av 1400 talet. Det ser ut til å vere allment akseptert at det var han som sette i gang hekseforfølgelsane, i den tida som blir rekna som middelaldren. Det var han som fekk Henry Kramer og James Sprenger til å forfatte "Malleus Maleficarum". Eller "Heksehammeren" som dei heiter på norsk. Kor mange menneskeliv den kosta, er det ingen som veit. Men det er nok veldig mange som har enda sine dager på grunn av denne boka. Her blei tortur akseptert som eit adekvat middel for å få folk til å tilstå virkelege eller innbilte forbrytelser. Der var – til og med – ein slags teknisk manual for tortur, –ganske detaljert, blir det sagt. Dette sette så igang den såkalla pavelege inkvisisjon. Ein av dei heilt store forbrytelsar i menneskets hitorie, kun basert på overtru og overgrep. Denne overtrua fekk mange rare utslag. Det blei "bevist" at 12000 hekser Hadde formørka himmelen, då dei flaug til New Foundland, eller at titusenvis hadde samla seg ein stad i Frankrike, for heksesabbat.

Innocens døydde i 1492, etter ymse forsøk på å oppretthalde livet ved at blodet frå tre ungutar blei prøvd overført. Det blei òg prøvd å halde liv i han ved hjelp av morsmelk... Dei tre unggutane døydde naturlegvis. Etterkomarane hans, ei elskerinne og eit antal barn sørga lenge over han, er det sagt. Regelen om sølibat var då antakeleg noko han kunne sjå stort på, han var då pave, må vite! Etterkvart som åra har gått, og eg har tenkt meir på dette, har eg kome fram til den filisofi, som eg opererer etter i dag. Den er –i alt vesentleg, som følger:
Religion er berre ei anna orsaking for å herse med og herske over andre!
I tillegg har eg funne dette ordet, av ein fransk filosof, som eg dessverre ikkje hugsar namnet på:
All religion er basert på redselen til den enkelte, og dyktigheita til leiaren!

_______________________________________________________

Takk til Micawber for tillatelse til å bruke denne teksten.
Hume's Razor

1 Comment:

z said...

Fascinerende historie. Jeg har aldri vært religiøs, så jeg synes frafallenhistorier er interessant lesestoff.